Snakk! om åndslivet på Bryne
Korleis står det til med åndslivet på Bryne?
Snakk! inviterer til 10-års-eksistens med å gjere opp status. Korleis står det til med åndslivet på Bryne?
Med utgangspunkt i Bryne sentrum håper me å få belyst utviklinga av både ånd og by. I år er det 25 år sidan Bryne fekk bystatus. Snakk! blei oppretta 15 år seinare. Husrom fanst på Mellombels, ei kulturell ølstove som etablerte seg på torget same år. Men torget hadde ikkje akkurat vore kjend for å vere ein stad for kulturarrangement og kultivert øldrikking frå tidlegare. Så kva har skjedd?
Bystatus kan vedtakast. Eit åndsliv må skapast. Velkommen til ei blanding av sjølvgransking, mimring og feiring. Me har spurt eit knippe menneske som har levd tett på Bryne: Når blei Bryne sivilisert? Og har Bryne eit åndsliv som samsvarer med bystatusen?
Åse Skrudland og Ørjan Zazzera Johansen har begge vakse opp på Bryne og er no tilknytt det etablerte kulturlivet på Jæren. Kjell Olav Stangeland, også frå Bryne, er kommunestyremedlem i Time Arbeiderparti og forfattar av boka «Frå utmark til by – historia om Bryne» (2021). Arne Håland var politimann på Bryne på 80 og 90-talet, og jobba blant mykje med kartlegging og førebygging av kriminalitet. Bjørn Hagerup Røken starta i 2016 opp Mellombels ølstove på torget. Han har sidan vore med på fleire start-ups, blant anna Hemmeleg og Rits kafé og vinstove.
Arrangementet er eit samarbeid med Mellombels ølstove og er støtta av Time kommune.
Billett: 160 kr
Om Snakk!
Snakk! blei starta opp i 2016 av Kristine Stensland, Helene Nord-Varhaug, Serina Fuglestad, Ove Martin Mellemstrand, Ørjan Zazzera Johansen og Bjørn Hagerup Røken. Snakk! hadde som mål å vere ein upolitisk foreining som skulle bidra til åndslivet på Jæren gjennom opplysande, underhaldande og engasjerande, eventuelt også provoserande, arrangement.
Fotokreditering:
1: Digitalt arkiv/ Bryne ca 1950/ Widerøe flyfoto. Bilete tilhøyrer samlinga til Time bibliotek
2: Utklipp frå eit bilete teke av Jostein Magnussen under Jærnåttå 2026
Waiver
Kjøpte billettar refunderast ikkje