Snakk! om steingardar
Kan ein bli glad i ein steingard?
Steingardane er for mange heilt spesielle. Dei fleste har sett dei, dei færraste har bygd ein sjølve. Men kva er ein steingard? Kvifor er det så mange av dei på Jæren? Kven bygde desse steingardane? Og kva skil den eine steingarden frå den andre?
Velkommen til Snakk! om steingardar. Med dette arrangement ønskjer me å heidra ein viktig del av steinhistoria vår. I ei uføreseieleg tid i ei uføreseieleg verd skal det bli godt å samlast kring steingjerda, og minnast og æra desse smykka bygde av menneskehender og med menneskelege "steinauger".
Valet av månaden februar er heller ikkje tilfeldig. I februar er mange steingardar prega etter vinterstormar med rennedrev, frost og mang eit kraftig vindkast. Kanskje har ein stein eller to falle ned, men framleis står dei støtt, som vitnesbyrd på noko stabilt som menneska har skapt saman.
Historikaren Anne Jorunn Frøyen vil først ta oss gjennom steingardane si utvikling på Jæren, frå tidlege spor og fram til i dag. Førebu deg på ein annleis historietime og eit flott biletshow. Kulturvernrådgjevar Martin Worts vil fokusera på kvifor det er verdt å gjere stas på steingardane, og korleis ein bør gå fram viss ein vil flytta eller byggja ein steingard sjølve. Til sist vil Steinjillt-gründeren Torvald Hadland lesa for oss, og til den som ikkje må tidleg heim kan ein bli sitjande, og få med seg filmklippet frå NRK-arkiva, med fleire jærske steingardlegender i rolleregisteret.
Stad: Mellombels ølstove, storgata 7, Bryne
Billett: 110 kroner (del 1)
Program:
Del 1:
19.30 – Historie og utvikling - føredrag med Anne Jorunn Frøyen
20.10 – Kort pause
20.15 – Kvifor bry seg om steingardane – med Martin Worts
20.30 – Opplesing – med Torvald Hadland
20.35 Pause/Avslutning
Del 2 (fri inngang):
21.00 – Filmsyning "Steingardane på Jæren" Glimt av Norge (NRK, 2012 spilletid: 14 min)
Anne Jorunn Frøyen er utdanna historikar, og har jobba med tematikk knytt til kultur og landbrukshistorie i ei årrekkje. I 2022 tok ho doktorgrad om bruken av sprøytemiddel i norsk jordbruk mellom 1895 og 1995. Tittelen spelar på bibelsitatet «Fyll jorden og legg den under dere» og viser til effektivisering og endringar som følgde med plantevernmidla, ei effektvisering som óg omfatta steingardane. Frøyen har vore tilsett ved Jærmuseet sidan tidleg på 2000-tallet, kor ho til dagleg jobbar som kurator. Ho har leia fleire utstillingsprosjekt på Vitengarden. Blant hennar siste utstillingsprosjekt er utstillinga om pelsdyrnæringa på Jæren, ei utstilling som fekk mykje regional og nasjonal merksemd.
Martin Worts har dei siste 13 åra vore tilsett som kulturvernrådgjevar i Hå kommune. I 2025 gav Worts med avdeling for kulturvern og landbruksavdelinga i Hå kommune ut Temaplan for kulturmiljø (2025), kor sjølvsagt steingardane er godt omtala.
Torvald Hadland er sauebonde og lærar busett på Hadland, men er nok mest kjend for sine bidrag i Jorddøgn litteraturfestival. Hadland driv i tillegg Steinjillt – eit konsept som tilbyr ei unik oppleving i kulturlandskapet på garden hans. Her kan ein oppleva og læra om gardsdrift gjennom vanleg kroppsarbeid, slik det var på Jæren i gamle dagar. Mange av aktivitetane har handbåren kunnskap i sentrum, aktivitetane er knytte til handtering av stein, til dømes løfting og flytting av steinar, anten åleine eller i samarbeid med andre.
«Steingardane på Jæren» Glimt av Norge (NRK, 2012)
Heilt til sist kan dei som vil få moglegheit til å sjå det legendariska filmklippet «Steingardane på Jæren» (2012) frå programmet Glimt av Norge. Filmen varar i 14 minutt. Denne korte dokumentaren er ei perle av steingardsnakk! Med i dokumentaren treff ein på både steingardambassadørar, steingardlegender og steinentusiastar, blant anna Hanne Thomsen, Tobias Skretting, Leif Nesvik, Tor Obrestad, Kristin Søyland, Olav Magne Tonstad og Øyvind Nordsletten.
Me vil takka Mellombels ølstove for samarbeidet og for at dei opnar stovene sine til flotte arrangement. Me vil takka NRK som let oss syna dokumentaren om steingardane. Og me vil takka alle som kjøper billett, slik at me kan halda fram å laga arrangement.
Om arrangøren:
Snakk! er ei upolitisk foreining som har som mål å bidra til åndslivet på Jæren gjennom opplysande, underhaldande og engasjerande, eventuelt også provoserande, arrangement. Snakk! blei oppretta i 2016 av Kristine Stensland, Ørjan Zazzera Johansen, Ove Martin Mellemstrand, Helene Nord- Varhaug og Bjørn Hagerup Røken. Styret består i dag av:
Lillian Utne
Helene Nord-Varhaug
Iselin Grayston
Bjørn Hagerup Røken
Hans Kristian Tangen
Foto: Hå kommune / Hå gamle prestegard / arkiv
Ansvarsfraskrivelse
Forhåndskjøpte billetter refunderes ikke